Lytt til teksten


[Om nettstedet]

Ikon for trinn trippel-A samsvarstesting, W3C-WAI Web. Retningslinjer 1.0

 

Tema - Produkter:

Nominert til internasjonal designpris

Bilete av eit valavlukke.

I samband med nominasjonen vil det norske valavlukket bli stilt ut på Design Museum i London. (Foto: Norsk Form.)

Under stortingsvalet sist haust vart eit universelt utforma vallokale testa ut i fire kommunar. No er dette designprosjektet, som vann Statens designkonkurranse 2008, nominert til den prestisjetunge prisen Brit Insurance Awards.

11.02.2010

- Dette er veldig stort. Prisen Brit Insurance Design Awards er rekna som designverda sitt svar på Oscar-utdelinga, seier prosjektleiar Heidi Dolven i Norsk Form til Haugesunds Avis. 

Dolven fortel at prosjektet "Blanke ark", som har fokus på universell utforming av avlukker, stemmesetlar og urner, har fått stor merksemd internasjonalt. Det er laga av dei tre designfirmaene Blueroom, Kadabra og Innovativoli.

- Målet var å leggja til rette for at flest muleg kunne stemma på eiga hand, seier Heidi Dolven. Ho fortel at Kommunal- og regionaldepartementet arbeider med å vidareutvikle prosjektet.

I samband med nominasjonen vil prosjektet "Blanke ark" bli stilt ut på Design Museum i London. Jorunn Steinsvåg som sit i valstyret i Bømlo - som saman med Trondheim, Lenvik og Kongsberg var ein av kommunane som fekk testa ut valutstyret i fjor haust - seier at tilbakemeldingane på dei fornya vallokala, var gode. 

Ein evalueringsrapport frå prøvekommunane er venta i nær framtid.

Les meir om det universelt utforma vallokalet på nettstaden til Norsk Form.

Handlingsplanene for universell utforming og økt tilgjengelighet

skal styrke utvikling og bruk av løsninger med gode funksjonelle kvaliteter for alle og støtte gjennomføringen av lovverk på området. Tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne er sentralt.

Hurtiglenker til:

Offentlige temanettsider